UngLåt er for folkemusikk og folkedansinteresserte barn og ungdom i alderen 9 til 18 år frå heile landet.
Her vert det kurs i folkedans, hardingfele, fele og trekkspel. I tillegg vert det fellesøkter, valfag, med dans, song, leik og moro.
UngLåt er staden for å møte nye vener, lære nye triks på instrumentet ditt eller på dansegolvet, oppleve Førdefestivalen og få minne for livet! Instruktørane er valde frå øvste hylle, og fleire av dei møter du att som artistar på Førdefestivalen.
Bli med! Påmelding på unglaat.no innan 17. mai.
Meir info finn du på unglaat.no
ARR: Sogn og Fjordane folkemusikklag, Førdefestivalen og Hordaland folkemusikklag
UngLåt 2026
Tid og stad:
30. juni - 2. juli
Sunnfjord Folkehøgskule, Førde


