Takk for at du vil registrere ditt arrangement på www.FolkArr.no
NB! FolkOrg har registrert nokre arrangement for å komme i gang med å fylle kalenderen, er ditt arrangement registrert utan at du har sendt det inn kan dette vere årsaka. Ønskjer du å endre noko send epost til livannette@folkorg.no

Vi har lenge hatt ønskje om å lage ein ny kalender der vi kan samle alle arrangement, små som store, innan folkemusikk og folkedansfeltet i heile landet. I forbindelse med jubileumsåret til FolkOrg fekk vi fortgang i desse planane, og har no skipa til ein kalender som de kan melde inn arrangement til. 

FolkOrg er ansvarleg for kalenderen, og kjem difor til å kunne sile ut arrangement som vi meiner ikkje høyrer heime innan sjangeren. Dette for å forhindre spam/useriøse aktørar eller arrangement som ikkje er knytt til folkemusikk og folkedans. 

Kalenderen er litt i utvikling enda på grunn av koplinga til appen, det skal blant anna være mogleg å sortere etter kva type arrangement ein er interessert i og kva månad det skal foregå i. Andre endringar vil og kunne kome etterkvart som vi tek kalenderen i bruk og ser behov og forslag til forbetringar. Vi kjem til å promotere nettsida og appen så det er smart å være registrert her. 

Vi ønskjer oss alle slags arrangement i denne kalenderen som er opne for alle, både små og store. 

Festivalar
Her legg de inn heile festivalen frå dato til dato. Vi legg på lenkje til nettside slik at folk vert sendt direkte til dykk for meir informasjon. Det vert for deltaljert om vi legg på alle seminar og konsertar som er ein del av ein festival. 

Konsertar
Dansefestar
Seminar / kurs
Forestillingar
Andre aktuelle arrangement

Det er ikkje her vi i utgangspunktet legg inn øvingskveldar i laga, men dersom det er noko spesielt som open øving etc så er det fint.  

APP
Om kort tid vil det bli lansert ein app som høyrer til kalenderen på nettsida. Denne vil ha same innhald som nettsida, og betyr at de ikkje treng å sende inn arrangement fleire gonger. 

Alle skal med! 
Vi vonar alle vil registrere arrangementa her i kalenderen og gje oss moglegheit til å syne alt det flotte som skjer innan folkemusikk og folkedans i heile landet. 

Ta og gjerne kontakt dersom de ser noko som manglar i kalenderen som skulle vore med! 

Har de spørsmål, innspel, tips eller anna kring kalenderen?
Ta gjerne kontakt med oss!

Liv Annette Nygjerdet
Kommunikasjonsrådgjevar
FolkOrg - organisasjon for folkemusikk og folkedans
Tlf + 47 93 41 93 82
Epost: livannette@folkorg.no

Folkarr.no - kalender for folkemusikk og folkedans