Velkommen til stordanskveld på Kulturhuset Gimle 14. mars!
Bli med på ein kveld der me saman fortel historier om store kråker, unge møyer, heltemodige kvinnfolk, svikefulle riddarar, imponerande kjemper, stormfulle reiser, tragiske skjebnar og ein og annan helgen!
Stordansen blei tatt opp igjen her til lands for om lag 100 år sidan etter inspirasjon frå Færøyane, der dansen har overlevd i ubroten tradisjon sidan mellomalderen. Stega er enkle, og fokuset er på songane og historiene som blir fortalde gjennom dei. Du treng ingen kunnskap om verken viser eller dans for å vera med!
Inngang:
Medlemmar/studentar: 150
Ikkje-medlemmar: 200
Det blir servert kaffi og kaker.
Sett av kvelden, og opplev den særeigne stemninga og samhaldet ein får gjennom ein heil kveld i same takt.
Om du er ein røynd stordansar og har lyst til å ta opp ei vise eller to, er det veldig velkome! Gje i tilfelle gjerne ein lyd til gunn_inger@hotmail.com
Arrangement av Bergen Ungdomslag Ervingen


