Velkommen til årets sommarleir i Ulsteinvik 29. juni - 3. juli!
Sommarleir er ein møtestad for ungdom som er interesserte i å lære meir om folkemusikk, folkedans, teater eller handverk.
Gjennom fire dagar får du oppleve kurs, utflukt og masse kjekke sosiale aktivitetar. Du blir kjent med andre ungdommar frå heile Noreg som deler dei same interessene som deg.
Følg med på nettsida her for meir informasjon (lenkje).
Arrangør: Noregs Ungdomslag


