31. januar 2026 inviterer FolkOrg og Noregs Ungdomslag til seminardag med instruktøren i fokus, i Oslo. Kurset finn stad i Teatersalen til BUL Oslo, Nynorskens Hus.
Seminardagen er ein del av programmet til festivalen DANS DANS DANS.
Påmeldingsfrist 23.januar.
NB: Avgrensa tal plassar.
Tidsplan for dagen
10.00: Workshop: Korleis halde eit kræsjkurs i dans?
11.45: Lunsj
12.30: Seminar: Språk i folkedansen
16.00: Instruktørnettverk
Workshop
Det går ei dansebølge over landet, og FolkOrg ønskjer å bidra til at enda fleire får kjenne gleda av den sosiale dansen! Laurdag 31. januar inviterer vi difor til ein inspirerande workshop for deg som vil bli tryggare på å halde korte, engasjerande kræsjkurs i dans ? anten du underviser erfarne dansarar eller heilt ferske nybyrjarar.
Kurshaldar er Sigurd Johan Heide
Seminar
Korleis kan vi best forklare dansen til nokon som ikkje er så kjent med språket?
Dansen i seg sjølv er jo språk. Kva skal ein då med ord og omgrep?
Finst det stammespråk innan dansen som ikkje alle forstår?
Seminarhaldarar er Stian Roland og Rita S. Vatnehol
Nettverksmøte
Nettverksmøte for instruktørar innan dans. Det blir erfaringsdeling og refleksjon rundt eigen instruksjon og ulike pedagogiske grep ein kan gjere. Ope for alle interesserte.
Workshopen er støtta av Sparebankstiftelsen DnB.
Seminaret får støtte frå Studieforbundet kultur og tradisjon.
Programmet er ein del av folkedansfestivalen DANS DANS DANS.
Arrangør: FolkOrg og Noregs Ungdomslag
Les meir her:
https://www.ungdomslag.no/arrangement/ny-seminardag-folkorg-og-noregs-ungdomslag


