Lær folkesong og folkedans frå Nord-Norge frå tre dyktige instruktørar og utøvarar av folkemusikk: Folkesongar Sigrid Randers-Pehrson, felespelar og songar Jo Einar Jansen og folkedansar og instruktør Tone Ingvaldsen.
På dansekurset ser vi på nordnorske klassikarar og skjulte perler. Frå Dønna i sør, via Lofoten til Kirkenes dansar vi oss gjennom dei tre nordlegaste fylka. Dette vert ei blanding av bygdedans, runddans og turdans, med nordnorsk snert der samspelet mellom dansen og musikken har ei viktig rolle.
På songkurset får vi lære folkesongar frå Nord-Noreg, songteknikk og improvisasjon. Sigrid vil også ha ei innføring i improvisasjon i kor, noko ho har skrive om i masteroppgåva si «Kvedarkor» frå 2010.
Gratis for ungdom under 27 år!
Les meir og meld deg på her på nettsida
Arr: Bygdelagskoret Blåne