Jippi! Sunnfjord får sin eigen versjon av suksessane Tuvas Blodklubb i Oslo og Klubb Komle i Bergen, med dansbar husmannskost i klubbformat. Vi lanserer RaspeKlubb!
Konseptet trekker fulle hus i byane. Det er ein miks av krasjkurs i folkedans og klubbstedmning på dansegolvet ? ein heilkveld i lag med gode venner (du enno ikkje har fått).
Du får høyre noko av det feitaste innan folkemusikk nett no, ei blanding av tradisjonelle folketonar og folketechno, med kortreiste musikarar på scena. Elektronika møter hardingfele, trekkspel, munnharpe og perkusjon i ein smått usannsynleg ? men forunderleg dansbar ? miks.
Laurdag 26. september kjem Klubb Komle til oss på Teater Vestland for å overrekke konseptet, før vi kan danse vidare på eigne bein. RaspeKlubb er eit samarbeid mellom oss, Førdefestivalen og Indre Sunnfjord Spelemannslag.
Kvelden startar med lynkurs i folkedans med Marta og Ole. Dei lærer deg nokre enkle trinn som du kan ta med deg vidare inn i klubbnatta. Eller du kan hive du deg utpå og danse nett slik du vil. Du treng verken forkunnskapar eller dansepartnar.
Endeleg kjem folkemusikknattklubben Førde har venta på, med feit musikk du ikkje visste at du elska å danse til.
Aldersgrense 18 år.
Meny for kvelden:
Kl. 20.30: Dørene opnar
Kl. 21.00: Lynkurs i folkedans med Marta og Ole
Kl. 21.45: Lokale folkemusikkhits med Indre Sunnfjord Spelemannslag
Kl. 22.30: Tradisjon med trøkk med Britt Pernille Frøholm, Ole Nilssen og Gaute Ullestad Moen.
Kl. 23.30: DJ Amøbe sin elektroniske arkiv-miks
Kl. 01.00: Dansegolvet stengjer
Arr: Førdefestivalen og Teater Vesteland
Les og her:
https://www.teatervestland.no/program/raspeklubb-x-klubb-komle-folkemusikklubb-kjem-til-forde/


