Vi gjer klar for andre utgåve av RaspeKlubb, Sunnfjord sin eigen versjon av suksessane Tuvas Blodklubb i Oslo og Klubb Komle i Bergen, med dansbar husmannskost i klubbformat!
Her får du ein herleg miks av krasjkurs i folkedans og klubbstemning på dansegolvet - ein heilkveld i lag med gode venner (du enno ikkje har fått).
På oktobermenyen står alt frå reinspikka hardingfelemusikk, munnharpe med effektpedalar, trekkspelmusikk du kanskje ikkje visste at du elska, og DJ med folketechno i bagasjen.
Lynkurset i folkedans vert leia av Ragnhild, som lærer deg enkle trinn og vendingar du kan tek med deg inn i dei neste timane. Alternativt utfaldar du deg på dansegolvet nett slik du vil. Det er ingen reglar, og du treng verken forkunnskapar eller dansepartnar.
Dansemusikken vil desse syte for: Synnøve S. Bjørset, Geir Marius Torud, Indre Sunnfjord spelemannslag, Even Westeng, DJ Sissyfus og Ragnhild B. Vassbotn.
RaspeKlubb er eit samarbeid mellom Førdefestivalen, Teater Vestland og Indre Sunnfjord Spelemannslag.
På RaspeKlubb praktiserer vi 'betal det du vil/kan'.
Billett: https://www.teatervestland.no/program/raspeklubb/
Denne utgåva av RaspeKlubb skjer i samarbeid med FolkOrg som del av prosjektet ?Dansen som sosial møteplass».
Arr: Førdefestivalen
Stad: Scene2, Nynorskhuset, Førde


