I 2024 er det 30 år sidan Osafestivalen vart arrangert for fyrste gong etter å ha sprunge ut frå Strykarfestivalen som vart etablert på Voss to år tidlegare. 

Festivalen har namn etter, og bakgrunn i, Sigbjørn Bernhoft Osas tankar om å skape ein møtestad der folkemusikken møter og bryner seg på nærliggande musikkformer. 

Festivalen vert arrangert siste helga i oktober kvart år med kring 40-50 arrangement fordelt over tre dagar. 

Festivalen har tilbod for folk i alle aldrar og har fast tilhaldsstad på Ole Bull Akademiet der dagleg leiar og festivalkoordinator er faste tilsette.


Les meir om festivalen her: 
www.osafestivalen.no

 

Foto: Knut Utler