NORDLEK 2024 i Arendal er ein nordisk folkedans- og folkemusikkfestival som blir arrangert kvart 3. år på rundgang mellom dei fire største landa i Norden. 

Mellom 2000 og 2500 dansarar og musikarar frå Grønland i vest til Finland i aust deltek på festivalen. Stundom kjem det òg gjestar frå både Australia, USA og Canada. Det første nordiske folkedansstemnet, forløparen til dagens NORDLEK, blei arrangert i Stockholm i 1920. Etter at det nordiske samarbeidet blei formalisert gjennom Nordlek-avtalen i 1975 har det blitt arrangert NORDLEK-festivalar kvart 3. år Forbundet Nordlek har i dag 19 medlemsorganisasjo-nar fordelt på dei fem nordiske landa og tre sjølvstyrte områda (Grønland, Færøyane og Åland). Til saman har desse organisasjonane omlag 100 000 medlemmar.

Les mer om arrangementet her (lenke).

Arr: Nordlek