Nordisk Sommarleir er eit sommarkurs for ungdom i alderen 13 til 26 år som vil fordjupe seg i dans, musikk, teater og/eller handverk. Dagane består av kurs på dagtid, og sosiale aktivitetar på kveldstid. Til Nordisk Sommarleir kjem det deltakarar frå heile Norden; frå Finland i aust til Grønland i vest! 

Leiren blir arrangert 12.-16. juli 2024 på Myra skule og grendehus i Arendal. Sommarleiren skjer i dagane før den store folkedans- og folkemusikkfestivalen NORDLEK, som arrangerast 16.-21. juli.

Du kan delta på følgande langkurs under sommarleiren:
- Folkedans for erfarne med Audun Grüner-Hegge + musikar Jon Brodal
- Halling med Ulf-Arne Johannessen
- Samspelkurset "Lyden av Norden" med Gard Nergaard
- Musikal med Kari Wist Holmen
- Søm og redesign med Gro Ebbestad
I tillegg kan ein velge mellom fleire kortkurs ein av dei tre kursdagane.

Om kveldane er det mange aktivitetar, frå dansefest til konkurransar og improkappleik der vi testar ut teatersport. Vi legg også opp til utflukt i nærområdet.

Meir informasjon om påmelding finn du her.  
PS: Alle som deltek på Nordisk sommarleir får GRATIS festivalpass til NORDLEK 2024!



Arr: Noregs Ungdomslag