Velkomen til 
Melovittens konsertbonanza 
12.-14. juni 2026 i vakre Vågå! 

Plateselskapet Melovitten feirer fem år i 2026, noko vi vil feire med ei sommarleg og feststemt folkemusikkhelg i heimbygda.
Denne helga byr på konsertar med eit knippe av Melovittens lokale artistar frå Vågå og omegn, og du er sjølvsagt invitert til festen! Du kan vente deg musikk både seint og tidleg, for barnefamiliar og for vaksne. Det blir buskspel, dansefest og kanskje ei og anna overrasking. Mykje liv og røre i bygda vil det garantert bli.

Artistar, detaljert program og billettar lanserast utover vinteren og våren - så følg med.

Set av helga i kalenderen til sommarens festivalvorspiel i Vågå. 
Vi håpar du vil vere med oss å feire Melovitten sine fyrste fem år med modig folkemusikk!


Arrangør: Melovitten i samarbeid med Eventlink.

www.melovitten.no

Headerfoto: Kulturfotografen AS, Thor Hauknes