I dag får vi besøk av Silje og Margit, med ei heilt ny forteljing til oss. Somme har éin stad dei kallar heim heile livet. Andre har heimar mange forskjellige stader. Somme må flykte eller reise frå heimen sin, andre leitar utan å finne ein heim. Nokon lengtar heim. Andre vil bort frå heimen. Somme har ein trygg og god heim. Andre har det vondt i heimen sin.
Gjennom ei framsyning med forteljing, song og dans får borna følge jenta Ylva. Ho undrar om ho eigentleg bur heime, eller om heime er ein annan stad? Ylva legg ut på ei reise for å undersøke dette, og møter dyr og menneske med heilt forskjellige heimar.
Manus: Sigmund Løvåsen
Plakatdesign: Vera Sonne
Forteljing, song og dans: Silje Risdal Liahagen
Forteljing, song og dans: Margit Myhr


