Velkommen til dansekurs i BUL-salen 17. oktober!

Rilar, rekkedansar og ringdansar i valsetakt er alle typar av turdansar eller sosiale dansar. Mange kjenner godt til dei frå eigen danseerfaring, men for andre kan turdansane vere framande og uvante.

Korleis kan vi få fleire til å slenge seg med i turdansen når musikken lêt over dansegolvet eller i øvingssalen? 

Kurset er ein del av NU-helga i Trondheim og det vil vere mogleg å delta på meir av programmet viss du ønskjer det. Påmelding skjer i same skjema som påmelding til NU-helga.

Les meir her: https://www.ungdomslag.no/arrangement/kurs-turdans-i-ny-drakt

Meld deg på innan 8. oktober her: https://event.checkin.no/229855/nu-helga-2026

Arrangør: Noregs Ungdomslag