Nordisk folkemusikk i smakfull og spenstig innpakning

Trioen Mojna har markert seg som kreative tolkarar av nordisk folkemusikk i kombinasjon med nyskriven musikk der kontrapunktiske element og improvisasjon står sentralt. Med fingerstyle-gitar, hardingfele og bassklarinett, har dei skapt eit litt uvanleg lydbilde, som har vorte sjølve signaturen deira.

Dei har gjeve ut tre album: Før sola skin på tak (2022), Väntenätter (2024), som fekk Folkelarm-nominasjon og karakteren 6 av 6 hos NRK sin platemeldar. Thomas Eriksson, som står for det meste av komponeringa, vart også kåra til Årets Komponist under den svenske Folk- & Världsmusikgalan for musikken på plata. Tredje album, Mareld, kom i oktober 2025.

Thomas Eriksson - gitar
Anna Malmström - bass-klarinett
Tuva Færden - hardingfele

Etter konserten vert det dansespel/open scene med Spelemannslaget!
Billettar i døra. Kr 200/150-ordinær/medlem av Folkeakadmiet Aurland
 

Arrangement av Folkeakademiet Aurland og Førdefestivalen