Velkommen til ei spennande framsyning med Magnus Wiik (gitar, banjo, fele, munnharpe, song) og Laura Ellestad ( hardingfele, song) som spelar, fortel om syng. Bli dei på «jakta» etter musikken og forteljingane om nokre av dei som reiste frå Noreg til Amerika og for over 100 år sidan, tre av dei kom frå Valdres: Oscar Hamrey, Bendik i'Nøn og Trond Eltun. 

Heimlengsel - kan du kjenne att den kjensla? Kanskje har du vore så lenge borte heimanfrå at du kjenner det i heile deg, at no vil du heim. Sjå for deg at du har reist heilt til Amerika, har vore der i fleire år og veit at truleg aldri skal reise heim igjen? Kva kan du då finne på for trøyste deg med?

For 100 - 200 år sidan reiste nesten ein million nordmenn til Amerika for å få et betre liv enn det de hadde i Noreg, og dei fleste kom aldri til heimlandet att. Nokon av dei hadde med seg hardingfeler, og musikken og historiene frå Noreg gav dei nok god trøyst når dei lengta heim. Tre av dei kom frå Valdres: Oscar Hamrey, Bendik i'Nøn og Trond Eltun.

Oscar var så god at når han spelte på kappleik trudde ikkje folk sine eigne øyrer! Bendik var så fattig at han ikkje hadde råd til å kjøpe ei fele, men då bygde han like gjerne sin eiga. Trond reiste samanhengande på turné i USA i over tjue år - utan å ha ein eigen stad å bu!

Framsyninga er laga av og Magnus Wiik, produsert av Vegar Vårdal samen med LilleRIKSEN med originalmusikk av Magnus.
 

Arrangør: Hilme året rundt