Ein av dei fem beste i Europa!
Førdefestivalen er Skandinavias største festival for akustisk folkemusikk og verdsmusikk, og mottok i 2019 heideren EFFE AWARD 2019-2021, då European Festival Association kåra den til ein av dei fem beste festivalane i Europa uansett sjanger.

Førdefestivalen presenterer rundt 250 artistar frå heile verda på 30 scener gjennom 80-100 ulike festivalarrangement, og har om lag 26000 besøkande kvart år.

RØTER er tema for Førdefestivalen 2024 
-Med Røter som tema går vi rett inn i sjølve kjernen av Førdefestivalen, seier direktør Sølvi Lien. Heilt frå byrjinga i 1990 har festivalen sin visjon vore å vise fram det store mangfaldet i den musikalske kulturarven i verda. Til sommaren set festivalen eit særleg fokus på kulturarv og tradisjon, og kva som skal til for å gjere desse aktuelle for framtida.

Røtene våre er med på å definere vår kulturelle identitet eller ståstad. Røter har med fortida å gjere, men røter peikar også framover. Blant musikarar, og ikkje berre folkemusikarar, er interessa for å fordjupe seg i arkiva større enn nokon gong. -Arkivmateriale er ei viktig kjelde til nyskaping. Det ser vi svært mange døme på, både her til lands og i andre kulturar, seier Lien. Slik vert tradisjonar vidareutvikla og aktualiserte for framtida. På Førdefestivalen 2024, vil du møte artistar frå heile verda som gjer nettopp dette - fører tradisjonar vidare til komande generasjonar og nye publikummarar. 

Les meir på festivalen si heimeside.