The Telephone av Gian Carlo Menotti
Helga Farestveit, sopran
Bjørn Gisle Seter, baryton (Distriktsmusikar i Sogn)
Akiko Anazawa, klaver (Distriktsmusikar i Sogn)
The Telephone av Gian Carlo Menotti er ein kort og morsom opera med eit høgst aktuelt innhald ? forviklingar knytt til kommunikasjon gjennom (mobil)telefonen. De får høyre Helga Farerstveit som Lucy og Bjørn Gisle Seter som Ben, og ikkje minst Akiko som utgjer eit heilt orkester aleine ved klaveret. Jostein Avdem Fretland har omsett teksten til nynorsk, og Jeff Pedersen har laga regien.
Folkemusikk
Kari Malmanger, song og direksjon
Marin Stallemo Bakke, hardingfele (Distriktsmusikar i Sogn)
Kaupanger bygdakor
Elevar fra Sogn kulturskule
I denne avdelinga får vi høyre folkemusikarar med ei sjeldan evne til å formidle tekst og tonar knytt til tradisjonsmusikken vår. Kari og Marin underviser i kulturskulen, samstundes som dei er musikarar på høgt nivå. Folkemusikken er godt egna til å skape stemning på festivalpuben under Sogn musikkdagar. Kaupanger bygdakor under Kari si leiing syng folketonar denne kvelden.
Les meir om dette på nettsida til Sogndal kulturhus
Arr: Sogn musikkdagar


