Velkommen til dansefest!
I samarbeid med Bondeungdomslaget i Nidaros inviterer vi til dansefest i BUL-salen midt i Trondheim by. Det blir godt og variert dansespel frå Einar Olav Larsen og Daniel Røssing. Dansefesten er open for alle i alle aldrar.
Billettar kjøper du i døra.
Pris: 100,-
Ikkje-medlem: 150,-
Pris: 100,-
Ikkje-medlem: 150,-
Musikarar denne kvelden er folkemusikar Einar Olav Larsen frå Verdal og bluespianist Daniel Røssing frå Levanger/Trondheim. I år er det 20 år sidan dei starta sitt samarbeid og hadde sin første opptreden på Hilmarfestivalen i Steinkjer. Einar Olav og Daniel skapar med sin musikalske bakgrunn eit eige uttrykk med utgangspunkt i tradisjonen etter Hilmar Alexandersen og Sturle Hallås.
Dansefesten er ein del av programmet for NU-helga 2026.
Det er mogleg å delta på dansekurs laurdag og nettverksmøte for dans på sundag viss ein ønskjer det.


