Laurdag 27. september kl. 12 - 15.30 blir det dansekurs med hovudfokus på polka, reinlender og vals.
Ta med ein ven eller fleire og kom! De treng ikkje ha dansa tidlegare.

Danseinstruktør: Linn-Eli Kopperstad og Anna Gjendem
Spelemann: Andrine Longva Kopperstad

Pris: Gratis

Dansesamlingane er eit utspring frå Norsk senter for folkemusikk og folkedans si nye satsing, Dansespor, som vart starta opp hausten 2022. Målet er å skape meir folkedansaktivitet i lokalmiljøa. Du kan lese meir om Dansespor her:
https://www.folkemusikkogfolkedans.no/om-dansespor

Kurset blir gjennomført med støtte frå:
- Sunnmøre frilynde ungdomssamlag
- Møre og Romsdal folkemusikklag
- Folkemusikkarkivet i Viti
 

Følg med for meir informasjon her