Irsk folkemusikk i fele-gitar-format!
Bríd Harper og Magnus Wiik møttest i 2022 for ein impulsiv turné idet Noreg var på veg ut av pandemien. Saman med Tony O´Connell debuterte dei på Riksscenen sin første Norse Gaels-festival, og same år spelte dei også på Førdefestivalen. Med fele og gitar dyrkar dei irsk folkemusikk i tett og dynamisk samspel. Einaste gimmick er at det skal vere drivande og dansbart!
Bríd Harper (fele) kjem frå Castlenn i Donegal, og er rekna som ein av dei beste. Punktum. Ein sånn felespelar som andre i feltet snakkar om med ærefrykt. Soloplatene hennar står att som klassikarar i sjangeren.
Magnus Wiik (gitar) er for mange kjend gjennom bluegrasband som Open String Department og Julie & The New Favorites. Han er geniforklart når det gjeld å tolke musikk. Før bluegrasen, tidleg på 2010-talet, turnerte Wiik med irsk folkemusikk på alle festivalar der irsk stod på plakaten, og spelte med namn som Gerry O´Connor, Ronan Ryan og Tony O´Connell.
Inngang vipps: kr. 200/150 for medlemmer i Askvoll Folkeakademi
Ferje frå Askvoll kl. 15.30 med retur 20.15 frå Værlandet for dei frå fastlandet som vil ha dette med seg.
Velkommen!
VestaFolk er Førdefestivalen si turnéordning for folkemusikk i Vestland.
Turnéen med Bríd Harper og Magnus Wiik er realisert med støtte frå Vestland fylkeskommune.


