Med Mirra tek Benedicte Maurseth publikum med inn i villreinens årssyklus på Hardangervidda ? frå vinterens stillferdige graving i snøen, via vårens kalving og sommarens beite, til haustens uro og vinterens ro.
Musikken har røter i folkemusikkens gjentakande mønster, og er samstundes open og utforskande. Villreinens eigne grynt og klikkelydar er vevd inn i klangbiletet og gir konserten eit sterkt nærvær av landskap og natur.
Mirra er eit konsentrert og ettertenksamt verk om natur, tid og samspel ? og om eit dyr som har vore ein del av fjellandskapet i tusenvis av år, men som i dag er truga.
Albumet Mirra er oppfølgjaren til Hárr (2022), som vann Nordic Music Prize og fekk brei internasjonal merksemd. I 2025 blei Mirra kåra til årets beste album i Vestland av Bergens Tidende.
Medverkande:
Benedicte Maurseth - hardingfele
Håkon Mørch Stene - slagverk, elektronikk
Mats Eilertsen - bass
Morten Qvenild - piano, elektronikk
Konserten er ein del av turnéordninga Den musikalske stamvegen (Vestnorsk jazzsenter), i samarbeid med Jølster Jazzklubb.
Benedicte Maurseth - MIRRA
Tid og stad
22. februar kl 19.00
Førdehuset


