Solfrid Nestegard Gjeldokk og Espen Wensaas kjem i desember med sitt fyrste felles plateprosjekt: Solhov. Resultatet av dette samarbeidet er ei mollstemt juleplate, og med seg på laget har dei Lars Inge Tverberg (tråorgel) og den svenske folkemusikaren Johan Hedin (nøkkelharpe). For å markere platesleppet legg dei ut på ein todagars mini-turné i Hallingdal. 

Store deler av låtane på plata har vinter, jul, kveld og mørketid som tema, og inkluderer både salmar, religiøse folketoner og andre folkemelodiar. Tittelen for plata, Solhov, er eit anna ord for vintersolkverv, og speglar godt tematikken på plata. Tilfeldigheitene ville ha det til at alle låtane på plata er i moll – eit resultat dei er godt nøgde med! 

Sjølve platesleppet blir på ungdomshuset Solhov på Ål 1. desember, med påfølgande konsert i Skurdalskyrkja 2. desember. 

 

Medverkande: 

Solfrid Nestegard Gjeldokk – Vokal 

Espen Wensaas – Gitar, cittern

Lars Inge Tverberg – Tråorgel 

Johan Hedin - Nøkkelharpe



Arrangør: Folkemusikkveka