Siljes Salong er ein trio med hardingfelespelarane Silje Solberg, Håkon Høgemo og Einar Mjølsnes. Til Folk på Torsdag og folkedansfestivalen DANS, DANS, DANS kjem dei med ferskt debutalbum og dansekonsert med trestemt Vestlandsspel. Trioen har skapa nytt liv i nedstøva runddansslåttar frå Nils Brakvatne frå Osterøy si handskrivne notesamling, og spelar fengjande danseslåttar etter spelemenn som Ola Mosafinn, Sjur Helgeland og Arne Høyland. 

Etter konserten blir det dansespel med NMH og oppfrisking av springdansen frå Vestfold.

Her kan du lese meir om arrangementet.
 

www.riksscenen.no

Arrangør: Riksscenen