Er du medlem av Vårflaumen spel- og dansarlag? Då ønskjer me at du kjem på medlemsmøte den 14/12-23 klokka 19! Vi ønskjer alle hjarteleg velkomne til ein uformell prat og førjulshygge i Festsalen på Valdres Folkemuseum.

Dette blir eit medlemsmøte der me saman kan sjå på korleis vi kan bidra til meir aktivitet og synleggjering av laet vårt. Vi ønskjer mellom anna å ta opp følgande spørsmål:
- Kvifor er du medlem?
- Kva kan du bidra med som medlem? 
- Spelar du torader eller trekkspel?
- Likar du å danse? 
- Kanskje er du interessert i folkesong eller eldre folkemusikkinstrument ? 

Det blir også dans og hygge etter medlemsmøtet.

Velkommen til å bidra til og utvikle Vårflaumen Spel- og dansarlag blir ett aktivt lag! 
 

Arrangør: Vårflaumen spel- og dansarlag