Vi ynskjer medlemmer og lokallag og alle folkemusikk- og danseinteresserte velkomne til julebord 2. desember på Thon Hotel Jølster. Det vert ein kjekk kveld fylt med musikk, dans og god mat! Julebordet er ope for alle som vil. Me oppfordrar deltakarane/medlemmane om å ta med seg familien sin, òg dei unge.

Program og informasjon:

Kl. 16:30-17:30 Kurs:
Som eit tilbod til dei som ikkje har dansa gamaldans tidlegare, vil me gje eit "kurs" i bruk av "bytomfotsteg" som er grunnlaget for både gammaldans, swing, tango og anna dans.

kl. 18: Middagsbuffet: 
På hotellet vert det servert ein herleg middagsbuffet til 695 kroner per person. Halv pris for born under 14.

kl. 20: Musikk og dans: 
Det vert ingen skikkeleg julebord utan god musikk. Vi oppfordrar difor lag og grupper som ynskjer å bidra til festen med dansemusikk om å gje oss tilbakemelding til post@folkemusikklaget.no. For dei som kun skal vere med på dansen og ikkje skal ha overnatting eller middag, er inngongsprisen kr. 200 og vert betalt i døra.

Overnatting: 
For dei som ynskjer å nyte julebordet fullt ut, har vi reservert 100 rom på hotellet. Prisane per natt er som fylgjer:
Enkeltrom: kr. 895
Dobbeltrom: kr. 995
Trippelrom: kr. 1195
familierom: kr. 1395 
Prisen gjeld dersom ein bestillar innan 3. oktober. Etter det må ein bestille sjølve på Skei hotell.

Påmelding:
Påmelding skjer via lagsleiaren i kvart lokallag. Lagsleiaren skal så gje tilbakemelding til post@folkemusikklaget.no innan 3. oktober med antal middagsbufféar og antal enkeltrom og dobbeltrom som skal bestillast på vegne av laget. Deretter skal lagsleiaren sjølve bestille middagsbufféane og enkeltrommet direkte med hotellet på epost monika.rygg@olavthon.no. Betalinga av overnatting og mat skjer altså via lokallaget. Vil du vere med utan mat eller overnatting, så er det som sagt berre å møte opp og betale 200 kr i døra.

Vi ser fram til ein kjekk kveld med god musikk, dans og hyggeleg lag. Ikkje nøl med å melde tilbake til lagsleiaren dykkar dersom de skal vere med og om de skal ha overnatting.

Vonar flest mogleg har høve til å vere med! Har de spørsmål, kan de spørre styreleiar Aud Sissel Orheim på epost (orheim.aud.sissel@gmail.com) eller tlf. (957 46 706)

Les meir på Sogn og Fjordane folkemusikklag si heimeside.


Arrangør: Sogn og Fjordane Folkemusikklag