Velkomen til frivilligfest på Gol i forbindelse med årets landskappleik. Arrangementet skal føregå på Pers Hotell i Bjørnehallen laurdag 27. April og byrjar klokka 18.00

Det vil bli gitt informasjon til frivillige om Landskappleiken 2024 som første del av programmet. Deretter vil det bli musikk og dans, og moglegheiter for å kunne kjøpe seg både mat og drikke.

Jo Asgeir Lie og Arne Anderdal vil koma å spela til uss, samt lokale musikarar og spelemannslag for å halde festen i gang heile kvelden. Det vert både gamaldans som vals, reilender og polka og springardans.

Arrangementet er gratis for alle som har meldt seg frivillige eller melder seg som frivillige ved oppmøtetidspunkt av kvelden.
NB! Dersom du ikkje møter opp til informasjonsmøtet kl 18:00, må du rekne med å betale inngangsprisen.

For alle andre som vil vera med på festen kostar arrangementet 150,-kr.

Me gler oss til å sjå dykk!

Her finn du arrangement på Facebook.


Arrangør: Landskappleiken på Gol 2024 og Gol Spel- og Dansarlag