Velkommen til arkivdansekonsert på Gol

Kom og få eit innblikk i det fantastiske mangfaldet, variasjonane og dei personlege stilane ein kan finne i springaren frå Hallingdal! I dette pilot-prosjektet er det fokus på Gol som tradisjonsområde, og du kan stifte nærare kjennskap til dansarane Olaf Liahaugen (1908-1973), Sigurd Teigen (1906-2005) og den legendariske Torleiv Sjåheim (1891-1978). Saman med gamle arkivopptak og intervjumateriale, vil dagens utøvarar og tradisjonsberarar ta deg med på ei reise gjennom tradisjonsmaterialet frå Gol.

Utøvarar:
Silje Risdal Liahagen
Lars Fivelstad Smaaberg
Andrea Søgnen
Vebjørn Jøtun Fauske
Åsmund Fauske Jøtun

Ragnhild Kolsrud (Hallingdal Museum) var deltakar på ei Ildsjelsamling arrangert av Norsk senter for folkemusikk og folkedans i Trondheim, og ideen til prosjektet vart utvikla då. Senteret har tidlegare gjennomført fleire vellykka arkivdansekonsertar i samarbeid med andre. Dette prosjektet har med seg solid fagleg stønad i Gunnlaug Lien Myhr og Stian Roland. 

Prosjektet har fått støtte frå Norsk Senter for folkemusikk og folkedans, som òg har stilt arkivopptak, intervju- og biletmateriale til disposisjon.

Etter arkivdansekonserten blir det dans arrangert av Gol spel- og dansarlag. 

Med denne førestillinga sparkar me i gang Springarforum 2024 arrangert av Sprang.


Webside for meir informasjon: 
https://buskerudmuseet.com/hallingdal-museum/ 
 

Arrangør: Hallingdal Museum